Juleball 2023

Endeleg var det tid for juleball igjen. Elevane i juleballskomiteen har vore i julemodus i mange dagar, og heile skulen har syda av julestemning. Temaet var maskeradeball og det blei ein kickstart på julemånaden sidan ballet var 30. november!

Heile kvelden var gymsalen og resten av juleballområdet full av forventningsfulle og glade elevar i nydelege antrekk. Det var stor stemning inne i gymsalen der DJ-en for kvelden styrte musikken frå scenen. Til tider rista dansegolvet skikkeleg og det var høg partyfaktor. Til og med “TIX” var innom på besøk!

Dersom ein hadde behov for å trekka seg tilbake kunne ein vera inne på MOT-rommet der ein kunne slappa av i sofaen, laga masker eller spela kort.

Ballet er arrangert av Elevrådet og FAU, så me hadde veldig mange foreldrevakter som stilte opp i tillegg til nokre av oss tilsette. Me vil takka alle for innsatsen, for den er me skikkeleg glade for. Det var særs god stemning blant dei vaksne også, så det blei ein superfin kveld.

Me gler oss allereie til sommarballet våren 2024!

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete