Gjennom Erasmus+ får vi besøke ulike land i Europa, og vi får også besøk tilbake. Dette er fantastiske kulturmøte der både ungdommar og vaksne får treffast, samarbeida og utveksla erfaringar.

Ti elevar frå valfaget internasjonalt samarbeid var for nokre veker sidan på mobilitet i Italia. Der budde dei hos italienske vertsfamiliar og fekk oppleve det autentiske italienske kvardagslivet. No er det vår tur til å vere vertskap: Dei same italienske elevane er på besøk hos oss, og denne veka får dei utforske norsk kultur med særleg fokus på folkeeventyr, troll og andre overnaturlege skapningar. Vi har allereie besøkt Trollmuseet i Bergen og gått tur i Trollskogen, og vidare står både peparkakebyen og ein porsjon ekte bergensk fiskesuppe på programmet. På fritida har dei italienske elevane elles vore med på å lage peparkakehus, bowling, klatring og testing av norsk frosenpizza. Det var ikkje så verst, meinte dei.
Valfaget er fullt pr i dag, men vi ynskjer fleire 9. og 10.klassingar til hausten. Gutar vil bli prioritert.

Sist endra 04.12.2025 08.51