Inspirerande start på prosjektveka

Første dagen i prosjektveka fekk nokre av gruppene, blant anna Stolte unge syarar og dansegruppa, eit inspirerande avbrekk midt på dagen. Den kulturelle skulesekken kom nemleg på besøk med framsyninga "Hvor kommer du fra, og hvor skal du".

"Hvor kommer du fra, og hvor skal du?" er ein kulturarvproduksjon som handlar om identitet og bunadshistorie i kombinasjon av det tradisjonelle og det moderne. Det er Lisa Blom som formidlar si reise for å bli designar og bunadstilverkar. "Modellen" er dansaren Max August Key Graarud. Han utforskar korleis bunaden skapar identitet. I tillegg er musikar Stein Austrud med og speler på alle mogeleg instrument.

Gjennom flott samspel mellom musikk, song, dans og forteljing fekk me høyra historia om bunaden. Etter framsyninga fekk alle som ynskte det koma fram og prøva dei ulike (og artige) instrumenta og ta ein prat med kunstnarane. Vår eigen Eivind Vestenfor imponerte med eit storarta hallingkast! Ein flott start på prosjektveka!

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete