ICILS-studie for 9C

9C ved Sund ungdomsskule blei trekt ut til å delta i ein internasjonal studie, ICILS. ICILS står for International Computer and Information Literacy Study og er ein internasjonal komparativ studie som kartlegg elevar sin digitale kompetanse.

Undersøkinga har vore gjennomført internasjonalt to gongar før, i 2013 og 2018, og no er det altså tredje gong. Noreg var med i 2013, men ikkje i 2018. I den tredje runden er det omtrent 25 land som deltar, og det er store ulikskapar i landa sine utdanningssystem. På den måten kan ein samanlikna elevane sin digitale kompetanse på tvers av landa.

Det var stor spenning knytt til kva oppgåver 9C skulle bryna seg på tysdag 28. mars, og spenninga blei ikkje mindre av at det var eit forferdeleg ver, og det gjekk seint med bilane og bussane som skulle utover til skulen. Heldigvis kom siste bussen i tide slik at klassen kunne starta prøva.

Det var mange oppgåver, og alt var i nøyaktige tidsrammer som ein skulle følgja. Det var sjølvsagt slitsamt å halda fokus i tre timar (inkludert pausar), men stemninga var god og det er kjekt å kunna vera med i ein slik studie. Alle dei tilsette som arbeider på 9. trinn måtte svara på ein del spørsmål også, så her var store delar av trinnet involvert.

Me er spente på resultatet av studien.