
Elevrådet på skulen ønska å ha ein Rosa dag der det også skulle vera eit løp der inntekta skulle gå til Håpet og kreftforeninga, halvparten til kvar. Elevane fekk nære og kjære til å sponsa kvar runde dei sprang, og det enda med at me fekk inn 56 000 kroner på løpsdagen.
I etterkant av denne dagen kom Tine frå Håpet på besøk til oss. Ho besøkte nokre av klassane på skulen, viste bilete frå Håpet og fortalde kva Håpet var og kva som er målet med dette dagsenteret.
Me er veldig glade for at me har klart å samla inn så mykje til Håpet og kreftforeininga, og me ønskjer å takka alle sponsorane for pengane. Me håper me kan gjera eit slik løp til tradisjon kvart år. Her kan de lesa meir om Håpet: HOME | Hapet