God påske!

Endeleg er den etterlengta påskeferien her, og for nokre er det nydelege dagar i snøen med Kvikk-lunsj, appelsinar og sol i vente, medan for andre er det heimepåske med avslapping, påskeegg og krim som står i høgsetet.

På Sund ungdomsskule avslutta me fredagen før ferien med besøk av påskeharen som serverte påskegodt frå påskeegget sitt. I tillegg hadde 8. trinn ein flash mob i storefri som var ganske imponerande. Dette var avslutninga på deira temaveke som har handla om folkehelse og livsmeistring, og dei har fått prøvd på å bu i kollektiv, sett opp budsjett, søkt på jobbar og fått prøvd seg i jobb. Det har rett og slett vore ein mini-start på vaksenlivet for dei. 

Me vil ønskja alle ei riktig god påske frå alle oss på Sund ungdomsskule.