Full produksjon av ALF-gjengen
ALF-gjengen som driv med bygg på 10. trinn har laga flotte bord og benkar til skulen.

Det er ein fryd å besøka ALF-gjengen, avdeling bygg. Då blir ein møtt med breie smil, høg arbeidsmoral og flotte produkt. Gruppa har laga skikkeleg fine benkar og bord til skulen. Me gler oss til å ta dei i bruk. Etter å ha levert fire slike til skulen, skal dei få lov å selja dei neste fire, og det er noko dei ser fram til.
Sist endra 04.11.2023 19.19