Fine “hvetebrødsdagar”

Å ta imot nye 8. klassingar er noko av det kjekkaste lærarar på ungdomsskulen veit. Ferske 8. klassingar er spente og forventningsfulle, og litt gira på livet. Det er så mykje nytt å setje seg inn i, kodar som skal knekkast og mange inntrykk som skal fordøyast kvar einaste dag.

stor takk til SPAR Steinsland som sponsa kveldsmaten - Klikk for stort bilete

På ungdomsskulen skal ein utvikle seg både fagleg og sosialt, ein skal oppleve meistring, trivsel og personleg vekst. For oss som arbeider og deler dagane med ungdommane er det viktig at dei får ein god start. Målet er å byggje gode relasjonar og leggje grunnlaget for godt lærings- og arbeidsmiljø. I år har vi derfor hatt ekstra fokus på å lage til aktivitetar kor elevane blir kjent med kvarandre og fine vennskap kan oppstå. Gode opplevingar byggjer også godt klassemiljø.

Første skuledag hadde vi felles rebusløp i siste time, kor elevane skulle bli kjent på skulen og med uteområdet. Løysingsordet var sjølvsagt ungdomsskulen. Veka etter hadde vi felles frokost tysdagen med fleire bli-kjend leikar. Aktivitetsdagen på Hald-stadion var også veldig kjekk. Å vere saman med elevane på ein annan måte enn i klasserommet opplever vi som svært verdifullt. Ein blir kjend på ein annan måte, og vi sit igjen med mykje god informasjon til det vidare arbeidet; om kven som elskar å leike, kven som hatar å tape, kven som likar å bestemme og kven som likar best å sjå på. Rett og slett ei herleg blanding av ungdommar. 

Det var veldig kjekt å ta helg med ei god kjensle etter overnattinga på torsdag. Vi hadde ein strålande kveld saman med ungdommane. Stemninga var skyhøg, og elevane var nesten elektriske. Dei storkoste seg saman med kvarandre - veldig gøy! At dei aller fleste var sovna til klokka halv to var nesten ikkje til å tru. Tusen takk til alle foreldre som kom med bakst og til dei som hjelpte til på kjøkkenet, slik at kvelden vart så vellukka. Det var til stor hjelp. Og ikkje minst, ei ekstra stor takk til SPAR Steinsland som sponsa kveldsmaten.

De høyrer meir frå oss på foreldremøtet torsdag 15. september klokka 18.00.

Nye 8. klassingar - Klikk for stort bilete
Velkomen til nye 8. klassingar - Klikk for stort bilete
stor takk til SPAR Steinsland som sponsa kveldsmaten - Klikk for stort bilete
Elevar forsyner seg med kveldsmat - Klikk for stort bilete