Felles julesamling på SUS

Måndag 19. desember var det felles julesamling i Strandahallen. Då var alle elevar og tilsette samla for ei hyggeleg stund saman.

Julesamling på Sund ungdomsskule - Klikk for stort bilete

Det var Simone frå 10A og Sigurd frå 10B som leia oss gjennom programmet med stø hand. På menyen var det mykje forskjellig, og det var til dømes fleire musikkinnslag. Skulebandet framførte tre rocka låtar som fekk salen til å klappa i takt, medan elevar frå niande trinn skapte magisk julestemning med "Vi tenner våre lykter når det mørkner".

Vidare blei "Piken med svovelstikkene" lese vakkert av Magnus-Olai, og Håvard akkompagnerte lystenninga av fire lys ved å spela "Tenn lys" medan salen song. Det skapte stor begeistring då det blei vist ein biletkavalkade av kva som har skjedd på SUS dette halve året. Det var alt frå bilete frå aktivitetsdagane, overnattingar, rosa dag og halloween til juleball og dei siste snødagane før jul. Det blir heller ikkje skikkeleg jul utan peparkakepynting, og denne gongen var det trinn mot trinn representert av dei tillitsvalde. Her gjekk tiande trinn av med sigeren.

Rektor hadde ei helsing til elevane, og det var kjekt at det kom ein gladnyheit om meir å gjera på i friminutta. Me har nemleg fått nokre gåver fordi elevane våre har vore statistar i Rykter-innspelinga, og etter nyttår kjem det Teqballbord og Subsoccer til skulen. Dette er me veldig glade og takknemlege for. Til sist var det MOT-elevane som hadde ein leik der det også var trinn mot trinn, og der åttande trinn vann. 

Me takkar for dette semesteret og gler oss til å treffast 3. januar 2023. God jul til alle frå oss på Sund ungdomsskule.

Julesamling i gymsalen på Sund ungdomsskule - Klikk for stort bilete