
Temaet for årets messe var berekraft, og elevane hadde valt å fokusere på plastforsøpling i havet. Gjennom ein svært engasjerande informasjonsfilm, ein god Kahoot og plakatar ynskte elevane å spreie kunnskap om korleis plast påverkar livet i havet, korleis dette påverkar oss og kva vi som enkeltpersonar kan gjere for å redusere problemet.
Elevane som deltok på messa gjorde ein framifrå jobb, og viste stort engasjement, kunnskap og formidlingsevne. Sjølv om det ikkje vart nokon pris denne gongen så håpar vi at vi har spreidd kunnskap og at vi har inspirert til meir miljøvenlege val.