Ein dag i minneboka

I skulekvardagen er det einskilde dagar som skil seg ut og som legg seg på minnet meir enn andre heilt vanlege skuledagar. Fredag var ein slik dag, då 8. trinnet var på tur på isen.

8. trinn tok ein tur på isen - Klikk for stort bilete

Det var ganske grått og vått i lufta då vi gjekk til Ortudammen, og dei som ikkje hadde lue, var heilt våte i håret då vi kom fram. Men kjære vene, for ein gjeng! Skulle tru det var solskinn, slik det var dagen før. Nokon koste seg ved bålet, medan andre hadde det travelt på skøytene. Knall og fall førte til våte bukser, og ved bålet stod dampen då dei ville varme seg. Pølser, marshmellows og ostesmørbrød i folie gjekk innpå. Ja, stemninga var heilt nydeleg. Det går visst an å kose seg skikkeleg ein gråversdag også. 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete