
For nokre veker sidan fekk foreldra i 9A og 9E ei litt uvanleg melding i Vigilo: ein invitasjon til «ei reise gjennom 60- og 80-talet». Dette skjedde før elevane sjølve visste noko om framsyninga dei skulle stå for.
Elevane i dei to klassane blei delte inn i ulike band og fekk ansvar for å øve inn songar som dei skulle framføre onsdag 30. april. I tillegg stilte fleire opp med sketsjar, som konferansierar, scenearbeidarar og i andre roller som måtte til for å få showet i hamn.
Det blei ei travel og intens veke for både elevar og lærarar, men resultatet var det all grunn til å vere stolte av. Publikum fekk høyre musikk frå artistar som Bob Dylan, David Bowie og Jahn Teigen. Mellom innslaga var det humoristiske sketsjar – mellom anna om eldre Beatles-fans på Sundheimen, ein livstrøytt terapeut i Øygarden kommune og ikkje minst Bob Dylan og Janis Joplin som småkrangla om musikk. Det var også ulike danseinnslag som imponerte. Eitt av høgdepunkta var da Mikhail Gorbatsjov og Ronald Reagan kom ut på scena, tok kvarandre i hendene og bestemte at Berlinmuren skulle rivast. Konferansierane sørga for den raude tråden mellom musikkinnslaga og sketsjane, gjennom både 60-talet og 80-talet.
Takk til alle som kom for å sjå på dei flotte elevane våre og alt dei fekk til på berre fem dagar.