Demokrativerkstad på Utøya – sterke opplevingar og viktig læring

I løpet av dette skuleåret har ein lærar på 10. og ein på 9. trinn fått tatt med seg elevar og reist til Utøya for å vera med på Demokrativerkstad. Under er det nokre betraktningar frå desse turane.

10. trinn:

I haust reiste tre elevar og ein lærar frå 10. trinn til Oslo og Utøya for å delta på Demokrativerkstad. Elevane fekk lære om demokrati og medborgarskap, 22. juli og hatefulle ytringar. Dei tre elevane som fekk vere med, har også gjennomført eit undervisningsopplegg for heile 10. trinn og delar av 8. trinn i tida etter. Det var eit veldig kjekt opplegg som var nyttig og lærerikt for både elevar og lærar. 

 

9. trinn:

8.–10. april deltok fire elevar frå Sund ungdomsskule på Demokrativerkstaden på Utøya, saman med læraren sin. I løpet av desse dagane fekk elevane styrkt si demokratiske kompetanse og utvikla evna til å stå opp mot diskriminering, hatprat og andre antidemokratiske haldningar i samfunnet. Verkstaden samla elevar frå fire andre norske skular, og det blei raskt danna eit godt og inkluderande fellesskap.

 

Deltakarane fekk også  inngåande kjennskap til hendingane 22. juli, både i Regjeringskvartalet og på Utøya. Opplegget starta med eit besøk på Wergelandsenteret, før turen gjekk vidare til 22. juli-senteret. Der fekk dei ei grundig gjennomgang av kva som skjedde denne tragiske dagen i 2011. Etterpå jobba dei med å definere kva eit demokrati inneber, og kvar grensene går for ytringar og handlingar som bryt med dei demokratiske verdiane.

 

Etter besøket i Oslo gjekk turen vidare til Utøya, der elevane blei innkvarterte saman med dei andre deltakarane. Desse tre dagane var fulle med relevante aktivitetar og øvingar. Dei fekk mellom anna møte Marte, som overlevde terroren på Utøya og Unni, mor til 16 år gamle Andrine som miste livet på øya. Dei fortalde opent om opplevingane denne dagen og tida etterpå. Det var sterke møte som gjorde djupt inntrykk på alle som deltok.

 

Både elevar og lærarar var særs nøgde med opphaldet. Mange elevar uttrykte at dei hadde lært mykje. Dei reiste heim som ein engasjert og inspirert gjeng – fulle av nye tankar og idear dei no skal bruke til å lage eit undervisningsopplegg. Dette skal dei presentere for dei andre klassane på trinnet utover våren.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete