Bakgrunnen for dette er at slike briller kan ta opp lyd og bilete eller gi tilgang til kommunikasjon og informasjon utan at andre er klar over det. Dette er ikkje i samsvar med skulen sitt arbeid for eit trygt, inkluderande og godt skulemiljø for alle elevar.
I forskrift om skulereglar og skuledemokrati for Øygarden kommunale skular står det:
§ 4 Reglar for orden
g) Elevar skal: Ha mobiltelefon/smartklokke og anna elektronisk utstyr avslått i skule- og SFO-tida og oppbevara dei i tråd med skulen sine utfyllande reglar, om ikkje anna er avtala med rektor.
På bakgrunn av dette blir også KI-briller omfatta av denne regelen, både i skuletida og på SFO.
Vi ber både elevar og føresette om å bidra til at dette blir følgd, slik at vi saman kan ivareta eit trygt og godt læringsmiljø for alle.