Brannvernopplæring på SUS
Øygarden brann og redning har årleg brannvernopplæring for alle niandeklassingane i Øygarden kommune.

Denne veka har niande trinn på Sund ungdomsskule hatt besøk av Øygarden brann og redning. Dei forklarar ungdommane brannteori, viser brannsløkking og deler kloke erfaringar frå yrket sitt. Allereie i dag har to klassar vore i aksjon og sløkt brann ved hjelp av både brannteppe og skumapparat. Elevane har vore engasjerte og delaktige i eit kjet undervisningsopplegg!
Sist endra 23.10.2023 20.21