Bortebane

Me på Sund ungdomsskule har vore så heldige å bli invitert på kino for å sjå filmen “Bortebane” i regi av DKS. Heile åttande trinn og to av klassane på tiande var tysdag 21.11, og neste tysdag skal resten av skulen.

Me blei ønska velkomen av fotograf Tore Vollan som fortalde litt om dokumentarfilmen som sjanger før me fekk sjå filmen. 

Filmen handla om fem ungdomar frå forskjellige land som alle skal til Norway cup, verdas største fotballturnering. Gjennom desse fem hovudpersonane får me eit innblikk i kor ulik motivasjonen for å spela fotball kan vera, der nokre av dei speler fordi dei elskar fotball, nokre for å bli verdas beste, andre for å æra landet sitt eller for eit familiemedlem. I Norway cup ønskjer alle å vinna, men i ei slik turnering kan berre nokre få bli vinnarar. Temaet i filmen kan ein seia handlar litt om det å tapa og å bli skuffa, og korleis ein må takla dette. Det å reisa seg og ha fokus på det fine som skjer utanom, blir viktig.

Det var veldig kjekt å høyra Tore Vollan fortelja om korleis dei har jobba med å laga denne filmen, heilt frå ideen og jakta på å finna hovudpersonane, vidare til sjølve filminga og til slutt om korleis klippinga blir viktig for oppbygginga av historia. I tillegg fekk me også vita korleis det går med hovudpersonane i dag. Me vil gjerne takka for invitasjonen og filmopplevinga!

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete