Bokkassar til biblioteksjubileet

200 år med bibliotek i Sund skal feirast, og alle skulane i gamle Sund kommune har fått tilbod om å laga bokkassar til jubileet.

10.trinn på Sund ungdomsskule har difor i samarbeid med Sund sogelag og biblioteket dekorert nokre fine bokkassar.

Dei kreative elevane har kost seg veldig når dei jobba med bokkassane. Dei har til dømes brukt gamle bøker frå skulebiblioteket, som skulle kastast, til å dekorere bokkassane. Kvar bokkasse har eit gjennomtenkt tema. Den eine gjenspeglar naturen vi har her på øya og den andre gjenspeglar eventyr og magien som oppstår i bøkene.

Alle på 10.trinn har også laga eigne biletbøker som ligg oppi kassane som skal stillast ut.

Bokkassane skal bli stilt ut 2.-10.september i forbindelse med 200 års-jubileet på biblioteket i Skogsvåg. Ta gjerne turen innom biblioteket for å sjå dei flotte bokkassane og for å stemme på din favoritt.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete