Bokkafé

I samarbeid med skulebiblioteket og skulebibliotekar/norsklærar Janet Sangolt Kleppe, har norsklærarane på 9. trinn hatt bokkafé for elevane sine.

Veke 45 inviterte norsklærarane på 9. trinn til bokkafé. Målet med bokkaféen var å introdusera ulike sjangrar for elevane og skapa leselyst. Samtidig ville lærarane visa fram kva bøker vi har på skulebiblioteket. 

Det vart servert saft og saltstenger, og dei ulike gruppene var innom sjangrane fagbøker, spaning, fantasy, humor og ungdom. Alle måtte fortelja litt om bøkene dei fekk servert. Det var rift om fleire av bøkene, og på slutten fekk elevane laga seg ei bestillingsliste. 

Alle bøkene er å finna på biblioteket som er ope i kvart storefri og nokre timar i veka. Velkomen til skulebiblioteket! 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete