"Blanke ark"

Den første tverrfaglege perioden på seks veker på ungdomsskulen kallar vi “Blanke ark”, noko som fortel at ungdomsskulen er ein ny start med nye moglegheiter. Etter litt over to veker på skulen, kan vi seie at første del av oppstartsvekene for 8. trinn er over, og desse tolv skuledagane har vore innhaldsrike. Vi har hatt mykje fokus på relasjonsbygging og å bli kjend med skulen og kvarandre gjennom blant anna rebus, aktivitetsdag, bokkafe, mykje leik og sist, men ikkje minst - overnatting på skulen. 

Overnattinga er absolutt eit høgdepunkt. Elevane dirrar av forventningar heile skuledagen i forkant, kanskje til og med i fleire dagar. For oss vaksne er det særs verdifullt å vere saman med dei i ei meir uformell setting, når dei byr på seg sjølve på ein annan måte. Tusen takk til alle heimane som bidrog til det fantastiske kveldsmåltidet! Det set vi stor pris på! Vi vil også takke alle dei gode hjelparane på kjøkkenet som rigga og rydda heilt strålande, slik at vi får fokusere på ungdommane - tusen takk!

 

No håpar vi alle har fått kvilt seg godt i helga, for dei neste vekene blir like travle med fokus på grunnleggjande ferdigheiter, leseprosjekt og nasjonale prøvar, før vi avsluttar med prosjektveke veka før haustferien. Det er berre til å glede seg!

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete