Besøk frå USA

Larry Dorenkamp i klasserommet

Denne veka har 8. og 10.trinn hatt besøk frå USA gjennom The Fulbright Program.

 

 

Larry Dorenkamp, som til vanleg underviser historie ved North Hills Middle School i Pittsburgh, har hatt ein workshop med elevane våre om korleis det er å vere ung i USA. Dei fekk tid til å stille spørsmål og fekk i løpet av timen eit  innblikk i livet til ein amerikansk tenåring.

Han deltok også i fagseksjonen for engelsk saman med engelsklærarane på skulen, noko som var til stor inspirasjon for oss.

Det er fjerde året vi deltek i dette programmet, og vi gler oss allereie til neste gong. 

8A som er ein av klassane som fekk møta Larry Dorenkamp.