Arbeidslivsfag blå næring

I år har me utvida arbeidslivsfaget vårt frå tre ulike retningar til fire. Frå før har me alf mat og restaurantfag, alf bygg og alf grønn næring med dyrking, forvaltning og berekraft, og i år har me i tillegg fått alf blå næring som handlar om hav og kyst.

ALF – blå næring har til no hatt fokus på korleis me kan hausta frå havet og korleis ein kan ferdast  trygt i og rundt sjøen med livredningskurs, fiske og padling. Elevane lærer seg å bli trygge, ta vare på kvarandre, men også ta vare på og utnytta dei ressursane me har knytt til sjøen. 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete