Vald og overgrep - barn og unge

Kjenner du på ein uro? Har du ei dårleg magekjensle rundt kva eit barn eller ein ungdom du kjenner, kan vera utsett for? Saker om overgrep mot barn er kompliserte og fagleg krevjande. Det kan vera nyttig å søkja råd og rettleiing så tidleg som råd, for å sikra at barnet får rett hjelp til rett tid.

Bekymra for for vald og overgrep - ta gjerne kontakt: 

Du kan vera anonym når du ringjer.

Konsultasjonsteamet for vald og overgrepssaker

Om du har mistanke om vald eller overgrep mot barn eller unge, er det teikn du kan sjå etter. 

Barnet kan:

  • ha endra oppførsel, t.d uro, konsentrasjonsvanskar, trist, redd, aggressiv
  • vera inneslutta, fjern, vanskeleg å få kontakt med eller roa ned
  • ha fysiske skader som ikkje stemmer med forklaringa som blir gitt
  • fortelja deg ting som ikkje kjennes riktig

Kva er eit konsultasjonsteam?

Teamet er meint som eit forum der ein kan for å få hjelp drøfta saker som handlar om vald og overgrep. Det er eit tverretatleg team som skal gi råd og rettleiing i saker der det er mistanke om at eit barn kan vera utsett for:

  • Vald
  • Å vera vitne til vald
  • Seksuelle overgrep
  • Kjønnslemlesting
  • Tvangsgifte
  • SSA; Skadeleg Seksuell Atferd

Sakene kan drøftast anonymt. Teamet har taushetsplikt!

Kven er vi?

I teamet er det faste representantar frå:

  • Barneverntenesta
  • Helsestasjon
  • Kommunepsykolog
  • Familie- og rettleiarsenter (FOR)
  • Rettleiarteam for skule
  • PPT
  • Sexolog

Kven kan kontakta oss?

Alle som er bekymra for at barn eller unge kan vera utsette for overgrep:

  • Personar som gjennom si yrkesutøving eller frivillig arbeid får ei bekymring; t.d. lærar, barnehagepersonell, SFO-tilsett, trenar, leirleiar
  • Privatpersonar som foreldre, besteforeldre, naboar eller andre, kan og kontakta teamet Teamet er meint som eit forum der ein kan for å få hjelp

Kva kan vi hjelpa med?

  • Støtte til å konkretisera bekymringa
  • Bidra med fagleg kunnskap rundt konsekvensar for barn som blir utsett for vald eller overgrep
  • Gje råd og oppfølging for det vidare arbeidet for å sikra at barnet får rett hjelp til rett tid

Korleis ta opp ei sak, kven kan kontaktast?

Teamet har faste møter ein gong pr. månad. Ved behov kan teamet kallast inn, på kort varsel, for akutt møte.

Oversikt over møter

  • 12. mars (fagdag)
  • 9. april
  • 7. mai
  • 4. juni

Video om konsultasjonsteamet

Nyttige lenkjer