Ferie-SFO

SFO følgjer skuleruta. Det er tilbod om ferie-SFO i haust- og vinterferie, og i sommarferie – inntil 2 veker i juni etter at skulen tek ferie, og inntil 2 veker i august før skulestart på nokre skular. SFO er stengd i juli.

Kommunen har vedteke å gje tilbod om ferie-SFO onsdag 22.06.22.

Opprinneleg søknadsskjema med søknadsfrist 15.04.22 hadde ikkje denne dagen som eit alternativ.

Søknadsskjema for denne dagen er difor lagt ut på ny med søknadsfrist 30.04.22.

Ferietilbodet i sommar-, haust- og vinterferie vert lagt til enkelte skular i kommunen etter behov.

Spesialavdelinga på Hjelteryggen skule har eige ferietilbod. Tilbodet er ope for barn med spesielle behov frå alle skulekrinsar i kommunen.

Oversikt over skular som tilbyr ferie-SFO

  • Bjorøy skule
  • Brattholmen skule
  • Foldnes skule
  • Rong skule
  • Spildepollen skule
  • Ågotnes skule
  • Hjelteryggen skule (spesialavdelinga - for barn med spesielle behov)

Søk ferie-SFO

Søknadsfrist for sommerferie-SFO 2022 er utgått.

Du kan søkja om plass for sommarferie-SFO:

  • Onsdag 22. juni - Fristen var 30. april.
  • Torsdag 23. juni - Fristen var 15. april.
  • Fredag 24. juni - Fristen var 15. april.
  • Veke 26 - Fristen var 15. april.
  • Veke 31 - Fristen var 15. april.
  • Veke 32 - Fristen var 15. april.

NB! Påmeldinga er bindane.

Opningstid

Ferie-SFO er ope frå kl 7.00 til 16.30. Kortare opningstid i samband med søkjarbehov.

Her finn du oversikt over ferie og fridagar for grunnskulane

Pris og betaling

Pris pr dag for 22. juni, 23. juni og 24. juni er kr. 183, pris per veke for ferie-SFO er kr. 915. Ingen søskenmoderasjon!