Ordensreglement

Alle skular skal ha eit ordensreglement.
Opplæringslova § 2.9. Forskrift til Opplæringslova § 3-5.  
Ordensreglementet er ei forskrift. Forvaltningslova §2, §37, §38.  
Reglement R-skriv 07-2005 frå  Utdanningsdirektoratet er lagt til grunn.  
Skulane kan ha utfyllande reglar. Elevar, føresette, lærarar og skuleleiinga bør delta i utforminga av  desse reglane.

  1. Alle elevar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.  Opplæringslova § 9a,1 og 4.
  2. Alle elevar har rett til eit mobbefritt miljø der alle har medansvar for at ikkje nokon opplever krenkande og ulovleg åtferd* frå andre. 
  3. Alle elevar har rett til å bli høyrde i saker som vedkjem dei. Opplæringslova §2.9. og 3.7.
  4. Alle elevar skal vise omsyn og respekt for andre, bidra til arbeidsro i timane og syne respekt for undervisninga. Elevane skal retta seg etter beskjedar frå dei vaksne på skulen.  Det er ikkje tillate å setja seg i mot beskjedar, eller svara på uhøvisk måte.
  5. Alle elevar møter punktleg og førebudd til timane.
  6. Elevar skal ikkje ha med, eller bruke farleg reiskap på skulen.
  7. Det er forbode å ha med, eller bruke rusmiddel på skuleområdet. Dette gjeld også arrangement utanom skuletida. Opplæringslova §9.5. Røyking er forbode på skuleområdet.
  8. Alle elevar skal ta godt vare på skulebygget, inventar, utstyr, bøker osv. Det kan koma på tale med erstatning, jfr. punkt under sanksjonar.
  9. Skålevik skule er mobilfri sone for elevar i skuletida. Vi nyttar mobilhotell. Alle medtekne mobilar skal leverast inn ved oppstart på dagen. Mobilane blir parkerte i mobilhotellet, og blir utdelt i klassen på slutten av dagen. Dette for å leggje til rette for at skulen skal vere ein mobbefri og lærefokusert arena. Elevar skal altså ikkje bruke eller ha mobil-, kamera-, musikk- eller anna utstyr med tilsvarande funksjonalitet, anna enn i timar kor lærar nyttar dette i ein pedagogisk samanheng.

Om føresette vil ha kontakt med elevane sine, bed vi dei nytte skulen sin telefon: 55097790/91/92. Slik sikrar vi at det ikkje er føresette som gjer at eleven bryt denne ordensregelen.

Sanksjonar ved brot på ordensreglane

  • Samtale, munnleg eller skriftleg åtvaring frå lærar/avdelingsleiar/rektor
  • Melding til dei føresette, møte med dei føresette
  • Utvisning i enkelttimar eller for resten av dagen. Foreldra må varslast før iverksetjing. (Opplæringslova § 2.10 – enkeltvedtak med klagerett)
  • Skifte av gruppe, klasse, skule
  • Inndraging av mobiltelefon eller anna privat, elektronisk utstyr – vert levert attende til eleven etter skuleslutt same dagen
  • Skadeverk medfører at eleven må rydde opp / utbetre skaden, og dei føresette er erstatningsansvarleg for inntil kr. 5000 (skadeerstatningslova §1.2)
  • Inndraging av ulovlege eller farlege gjenstandar og evt. levering av desse til politiet. Ved lovbrot vil rådmannen vurdera å melda saka til politiet (kommunal prosedyre)

Presiseringar - Krenkande og ulovleg åtferd er til dømes:

  • fotografering av medelevar og leggje bileta på nettet, negativ omtale på nettside
  • negative sms, mms, chat, e-post, ryktespreiing, sosiale medium
  • rasistiske utsegn og handlingar
  • seksuell trakassering
  • sjikane på grunn av religion, livssyn, utsjånad o.l.
  • hærverk
  • valdsbruk
  • mobbing
  • trugsmål

Farleg reiskap er gjenstandar som kan brukast til å skade andre t.d. knivar, stikkereiskap, våpen av ulike slag

Rusmiddel:  Det er nulltoleranse for tobakk og andre rusmiddel

 

Vedtatt i SU 16.12.2019