Om oss

Skålevik skule er ein barneskule i Øygarden kommune, med vel 15 min. køyring frå Sotrabrua. Vi har om lag 130 elevar i 1.-7. klasse. Skulen har også SFO, med om lag 40 elevar. Det er planlagt stor bustadbyggeing i skulekrinsen, og det er forventa auke i elevtalet framover.

Elevane kjem i hovedsak frå gardane

  • Sekkingstad
  • Skålevik
  • Langøy
  • Syltøy
  • Lokøy
  • Algrøy

Noverande skule vart oppførd i 1977, og seinare påbygd i 1997. For nokre år sidan vart bygningsmassen komplettert med eit mellombels brakkebygg, der m.a. administrasjon er lokalisert.

Uteområde

Skulen har eit flott naturområde, og elevane har tilgong til eit fotballanlegg med kunstgras like ved skulen. Det er store utmarksområde like i nærleiken. Skulen har eigen båt, og disponerer båtplass i Apalvågen, i gangavstand frå skulen. Det føreligg også planar om oppføring av eige naust.

Visjon

Saman om Aktivitet Læring Tryggleik, noko som forpliktarbåde elevar, tilsette og foreldre til å arbeida saman til felles beste. Vi nyttar antimobbeprogrammet Zero, og deltek også i Trivselsprogrammet. Vidare nyttar vi klasseleiingsprogrammet TSK (tydeleg, støttande klasseleiing).

Opningstider

Kunnskapsløftet

Læreplanverket består av overordna del, fag- og timefordeling og læreplanar i fag. Dette er forskrifter til opplæringsloven og skal styre innhaldet i opplæringa. 

På nettsida til Utdanningsdirektoratet finn du meir informasjon

Fotogalleri

Skålevik skule - Klikk for stort bilete
Skålevik skule - Klikk for stort bilete
Skålevik skule - Klikk for stort bilete
Leikeplass ved Skålevik skule - Klikk for stort bilete
Skålevik skule - Klikk for stort bilete
Fotballbinge ved Skålevik skule - Klikk for stort bilete
Skålevik skule - Klikk for stort bilete
Fotballbinge ved Skålevik skule - Klikk for stort bilete
Skålevik skule - Klikk for stort bilete