Vald og overgrep - barn og ungeKjenner du på ein uro? Har du ei dårleg magekjensle rundt kva eit barn eller ein ungdom du kjenner, kan vera utsett for? Saker om overgrep mot barn er kompliserte og fagleg krevjande. Det kan vera nyttig å søkja råd og rettleiing så tidleg som råd, for å sikra at barnet får rett hjelp til rett tid. Bekymra for for vald og overgrep - ta gjerne kontakt: Legevakt 116 117 Barnevernvakta 979 98 300 Krisesenter for Bergen og omegn 55 31 50 50 Sentralbordet 56 16 00 00 Overgepsmottaket i Bergen Du kan vera anonym når du ringjer. Konsultasjonsteamet for vald og overgrepssaker Om du har mistanke om vald eller overgrep mot barn eller unge, er det teikn du kan sjå etter. Barnet kan: ha endra oppførsel, t.d uro, konsentrasjonsvanskar, trist, redd, aggressiv vera inneslutta, fjern, vanskeleg å få kontakt med eller roa ned ha fysiske skader som ikkje stemmer med forklaringa som blir gitt fortelja deg ting som ikkje kjennes riktig Kva er eit konsultasjonsteam? Teamet er meint som eit forum der ein kan for å få hjelp drøfta saker som handlar om vald og overgrep. Det er eit tverretatleg team som skal gi råd og rettleiing i saker der det er mistanke om at eit barn kan vera utsett for: Vald Å vera vitne til vald Seksuelle overgrep Kjønnslemlesting Tvangsgifte SSA; Skadeleg Seksuell Atferd Sakene kan drøftast anonymt. Teamet har taushetsplikt! Kven er vi? I teamet er det faste representantar frå: Barneverntenesta Helsestasjon Kommunepsykolog Familie- og rettleiarsenter (FOR) Rettleiarteam for skule PPT Sexolog Kven kan kontakta oss? Alle som er bekymra for at barn eller unge kan vera utsette for overgrep: Personar som gjennom si yrkesutøving eller frivillig arbeid får ei bekymring; t.d. lærar, barnehagepersonell, SFO-tilsett, trenar, leirleiar Privatpersonar som foreldre, besteforeldre, naboar eller andre, kan og kontakta teamet Teamet er meint som eit forum der ein kan for å få hjelp Kva kan vi hjelpa med? Støtte til å konkretisera bekymringa Bidra med fagleg kunnskap rundt konsekvensar for barn som blir utsett for vald eller overgrep Gje råd og oppfølging for det vidare arbeidet for å sikra at barnet får rett hjelp til rett tid Korleis ta opp ei sak, kven kan kontaktast? Teamet har faste møter ein gong pr. månad. Ved behov kan teamet kallast inn, på kort varsel, for akutt møte. Oversikt over møter 1. august 2023 5. september 2023 10. oktober 2023 14. november 2023 5. desember 2023 Video om konsultasjonsteamet Nyttige lenkjer Meld fra om vold og overgrep mot barn og unge (Bufdir) Æresrelatert vold, negativ sosial kontroll og tvangsekteskap (Bufdir) Nasjonal veiviser ved vold og overgrep (Dinutvei) Sist endra 07.08.2023 09.51