Bruk av fyrverkeri - forbrukere

Aldersgrensa for kjøp og bruk av fyrverkeri er 18 år. For små stjerneskot er aldersgrensa 12 år. Fyrverkeri kan nyttast på nyttårsafta mellom kl. 1800 og 0200 utan søknad til brannvesenet.

Vi minnar om at det på Straume/Sotra kystby er innført totalforbod mot avfyring av privat fyrverkeri i eit nærare definert område. Her kan du sjå forskrifta samt kart over forbodsområde.

Skal du nytta fyrverkeri utanom nyttårsafta må du først søkje om tillatelse til politi. Dersom avfyring av fyrverkeri skal skje i tettbebyggelse, nær tørr skog eller andre brannfarlege omgivelser må ein og søke brannvernet om tillatelse.

Dersom slik avfyring skal skje i forbodssona på Straume må ein i tillegg søkja dispensasjon hos Øygarden kommune.

Søk om avfyring av fyrverkeri utanom nyttårsafta

Fyrverkeri inneheld eksplosiver og bruk vil alltid innebære ein viss risiko, her kan du lese gode råd for sikrare bruk av fyrverkeri.

Naudbluss/naudrakettar skal berre nyttast i naudsituasjonar, pyrotekniske naudartiklar som tas ut av bruk skal leverast inn til destruering.