Brukte batteri kan vere farlege dersom dei ikkje blir handtert rett. Når batteri blir skada, punktert eller kjem i kontakt med metallgjenstandar, kan det oppstå kortslutning og varmeutvikling som i verste fall kan føre til brann. Dette gjeld både små knappcellebatteri, AA- og AAA-batteri, og større typar som C- og D-batteri.
Slik handterer du batteri trygt:
- Oppbevar brukte batteri i ein trygg behaldar - til dømes eit syltetøyglas.
- Lever alltid brukte batteri til godkjent innsamlingspunkt – aldri kast dei i restavfall.
- Teip polane på batteriet før levering, for å unngå kortslutning.
- Hald batteri unna små barn – knappcellebatteri kan vere livsfarlege ved svelging.
Ved å følgje desse råda reduserer du risikoen for brann og bidreg til trygg og miljøvennleg gjenvinning.