Brannvernundervisning for vidaregåande skule

Ungdommane flytter etter kvart for seg sjølv og undervisninga har fokus på kva dei må sjå etter i ein bustad og kva eigar av bustaden har ansvar for.

Det er fokus på rømmingsvegar, sløkkeapparat og røykvarslar. Det blir og informert om kva ein bør tenke på i samband med matlaging og lading av elektriske artiklar.

Undervisninga er teoretisk og det vert nytta filmar og bilete i undervisninga. Vi avtaler tidspunkt med skulane.