Bestill ein bokkasse

Biblioteka på Rong, Straume og Skogsskiftet tilbyr bokkassar til bruk i skulane og barnehagane. 

Tilbodet er meint som støtte for barnehagetilsette, lærarar og skulebibliotek i arbeidet med lesing og litteratur. Du må henta kassen på det biblioteket du bestiller på, og levera han tilbake etter to månader.

Bokkassane kan tilpassast ulike behov og kan t.d. innehalde:

  • Lettblanda litteratur til leselyst og frilesing
  • Litteratur knytt til eit bestemt tema
  • Bokkassar utvikla i tråd med dei overordna måla i læreplanverket (gjeld berre skule)

Skjema for bestilling av bokkasse

Lånekort og lånereglement

Tilsette i skular, barnehagar og andre institusjonar i Øygarden kommune kan få lånekort og bruka folkebiblioteka sine samlingar og tenester. Kortet er knytta til arbeidsstad, og er ikkje til personleg bruk.
Lånekortet må registrerast med ein ansvarleg kontaktperson, i tillegg til fakturaadresse og e-postadresse. Kontaktpersonen vil få melding om forfall, og evt. anna kommunikasjon frå biblioteket. Biblioteket må få melding om endring av kontaktperson og evt. anna informasjon. 

Bibliotekets lånereglement gjeld òg for institusjonslånarar. For lån som ikkje blir levert, sender vi faktura til eininga. 

Bokkassar utvikla i tråd med læreplanen

Skulebibliotektenesta har utvikla bokkassar i tråd med dei tverrfaglege tema i overordna del i læreplanen. Vil du sjå nærare på innhaldet i desse kassane finn du informasjon på lenkjene under: 

Småtrinn

Mellomtrinn