Lånereglement

Her er gjeldande lånereglar for Øygarden innbyggartorg og bibliotek.

Føremål

Reglementet har til føremål å regulera tilhøve mellom lånar og Øygarden innbyggartorg og bibliotek, samt å fastsetja ordensreglar for bruk av biblioteket.

Lånerett

Alle som bur i Noreg har rett til å få lånekort og bruka folkebiblioteka sine samlingar og tenester.

Utlån og bruk skal i hovudsak vera gratis for lånar. 

Biblioteka tek betalt for utskrift og kopi etter eigne satsar.

Lånekort

For å få lånekort kan ein registrera seg digitalt på oybib.bib.no eller møta opp på biblioteket og visa gyldig legitimasjon.

Vi godtar berre original av legitimasjon, som pass, norsk nasjonalt ID-kort, fysisk eller digitalt førarkort, bankkort med bilde og fødselsnummer. Vi godtar ikkje bilde av fysisk legitimasjon, som til dømes mobilbilde av pass.  

Minstekravet for lokalt lånekort er at legitimasjonen inneheld namn, fødselsdato og bilde. 

Lånarar med norsk ID-nummer kan få nasjonalt lånekort som kan brukast på alle folkebiblioteka i landet. 

Lånarar utan norsk ID-nummer, skular, barnehagar og institusjonar vil få eit lokalt kort som berre kan brukast ved biblioteka i Øygarden.

Born kan få lånekort frå 1. klasse. Lånarar under 15 år må ha løyve frå føresette. Det er viktig at den føresette er med, og har med seg legitimasjon. Unntaket er når elevar besøker biblioteket saman med ein lærar.

Biblioteket må få melding om tapt lånekort.    

Lånaren sine plikter

Det du låner, er du ansvarleg for. Som låner forpliktar du deg til å:

  • Behandla bibliotekets materiale aktsamt
  • Levera utlånt materiale innan forfallsdato
  • Erstatta skada eller tapt materiale
  • Syta for at kontaktopplysningar, som adresse, telefonnummer og e-post, er korrekte

Føresette har ansvar for materiale lånt av sine born til dei er 15. Frå fylte 15 vert ein rekna som vaksen, og er sjølv ansvarleg. For institusjonar er det leiar/kontaktperson som er ansvarleg.

Ha alltid med deg lånekortet. Dersom du ha gløymt det, kan vi søka deg opp. Då ber vi om legitimasjon.  

Sanksjonar

Viss du ikkje held lånetida, sender vi ut purring på SMS, e-post eller vanleg post. Det vert sendt ut tre varsel. 

Viss materialet ikkje er levert etter tre purringar betraktar vi materialet for tapt, og du må betala erstatning etter gjeldande satsar frå Øygarden kommune sitt gebyrregulativ. Det er eigne priser for spesielt materiale, som fjernlånt og særleg verdifullt materiale.

Viss materialet dukkar opp etter at erstatningskravet er betalt er det ditt. Det er ikkje mogleg å få refundert erstatningssummen. 

Lånaren mistar retten til å låna fram til kravet er betalt. 

Har du mista eller øydelagd noko du har lånt hjå oss? Kom innom ein av våre avdelingar, så hjelper vi deg. 

Ver merksam på at et er ikkje mogleg å erstatta tapt materiale sjølv ved å kjøpa nytt eksemplar og levera det til biblioteket utan at det er avtalt på førehand.

Lånetid

Vanleg lånetid er 4 veker. For DVD’ar og PC-spel er lånetida 2 veker.

Ein kan fornya lån dersom det ikkje er venteliste, inntil to gongar.

DVD og PC-spel er merka med tilrådde aldersgrenser. Lånaren har sjølv ansvar for at desse vert haldne. Biblioteka er ikkje ansvarleg dersom lånt materiale fører til skade på avspelingsutstyr.

Reservering

Bøker og anna materiale som er utlånt kan du reservera. Du får melding når materialet kan hentast. Hentefristen er ti dagar.

Lån frå andre bibliotek (fjernlån)

Øygarden innbyggartorg og bibliotek er ledd i eit nasjonalt biblioteksystem. Bøker som vi ikkje har i samlinga, kan som oftast bestillast inn frå andre bibliotek.

Det er ikkje høve til å ha fleire enn 5 samtidige fjernlån. 

Lånetida vil variera, då det er eigarbiblioteket som fastsett lånetida. Det er som regel ikkje mogleg å fornya fjernlån.

Fjernlån er ressurskrevjande, og dersom lånar gjentekne gonger ikkje hentar bestilt fjernlån eller unnlét å levere tilbake fjernlånt materiale, fell retten til å fjernlåna bort.

Studentar ved høgskular og universitet oppfordrast til å bestilla pensumlitteratur gjennom utdanningsinstitusjonen sitt bibliotek.

Elevar og lærarar som vil låna pensumlitteratur til vidaregåande skule må kontakta biblioteket på den skulen dei er tilknytta.

Fjernlån skal alltid hentast og leverast på Øygarden innbyggartorg og bibliotek.

Særleg om materiale lånt på andre bibliotek 

Bøker som er lånt på andre bibliotek i Norge, kan leverast hjå oss. Du kan be om kvittering viss du treng stadfesting på at du har levert, sidan datasystemet vårt snakkar ikkje med alle dei ulike datasystema til andre norske bibliotek. Du er ansvarleg for det du har levert, heilt til det er registrert innlevert på eigarbiblioteket.

Ordensreglar

Personar som viser uønskt åtferd kan bli vist bort frå biblioteket, og kan mista låneretten for kortare eller lengre tid. Brot på ordensreglementet kan føra til midlertidig bortvising frå biblioteket. Politi eller vektarar kan bli tilkalla.

  • Besøkande på biblioteket må opptre i samsvar med alminneleg folkeskikk og norsk lov.
  • Det er ikkje tillate å opphalda seg i biblioteket i synleg ruspåvirka tilstand.
  • Førarhund/servicehund er tillate på biblioteket. Andre dyr har ikkje adgang.

Ver og merksam på at:

  • Biblioteket ikkje er ansvarleg for personlege eigedelar som blir stelt, borte eller øydelagt i biblioteket.
  • Biblioteket ikkje er ansvarleg for barn utan tilsyn i biblioteklokalet. Barn under 12 år skal  haldast under oppsyn av vaksne når dei er på besøk på biblioteket. Den vaksne er ansvarleg for at barnet følgjer bibliotekets ordensreglement.
  • Biblioteket er ein offentleg stad, ver forsiktig med private samtalar eller handtering av sensitiv informasjon. Logg av bibliotekets PC når du er ferdig.

 

Behandling av personopplysningar

Øygarden innbyggartorg og bibliotek behandlar personopplysningane dine i samsvar med gjeldande lovverk. Fleire av våre tenester krev at ein har lånekort, og ein føresetnad for å få lånekort er at vi kan registrera enkelte personopplysningar om deg. Du har rett til å krevja innsyn, retting, sletting og avgrensing i behandling og dataportabilitet av opplysningane.

Viss du registrerer deg som nasjonal lånar, blir adresseopplysningar og enkelte andre personopplysningar utveksla med Nasjonalt lånarregister. Utvekslinga av opplysningar omfattar ikkje opplysningar om lån, reserveringar, gjeld og andre forhold mellom lånar og det enkelte bibliotek.

Bibliofil sin personvernerklæring: https://oybib.bib.no/bs/personvernerklaring.html 

 

Reglementet er fastsett med heimel i folkebiblioteklovas § 4, tredje ledd, og gjeld frå 1.januar 2026