Eitt er sikkert, det er ikkje KI som har førd denne boka over frå islandsk til norsk. Det har Maren Barlien Guntvedt gjort. Gjennom nær 500 sider møter vi eit språk så sprelsk, fantasifullt og fargerikt at det ligg miler unna det kunstig intelligens kan makte å få i stand. Som når tenåringen Gestur har tent sine første pengar på sildesalting og svevar lukkeleg på heimveg så oppslukt av den vakre pengesetelen at han:
«.. ikke la merke til at solen sneglet seg opp fra dypet, først som en hval, så som Guds egen isse og til slutt som en blodfylt fosterhinne, en morgenrød dagrose som lyste over havet.»
Gestur (på norsk: gjest) er den foreldrelause guten som følgjer oss boka gjennom. Namnet er ikkje tilfeldig valt, han ser og opplever store endringar i det islandske samfunnet, observerande som han er, som ein nysgjerrig framand.
Romanen er skikkeleg islandsk. Helgason harselerer hemningslaust med eigen kultur og skikkar. Veret er berre forferdeleg, snøstormar, orkanar og hav herjar vilt. Det finst knapt ein edru prest og « hos kjøpmannen satte man inn skinn og tran, kjøtt og smalahover og kunne så ta ut brennevin, sukker og sko»
Men all verdas harselas og absurde hendingar, som då kyrkja blåste på fjorden eller kapteinen som i farten gløymde at det ikkje var lov å slå i hel kokken, så kan det ikkje skjule kjærleiken til landet og folket, uskrive, men tydeleg.
Romanen fortel også, og ikkje minst, soga om sildefisket. Forteljinga er lagt til tida rundt 1900, og skal vi tru Helgason, åt ikkje islendingane sild på den tida. Det var som ufisk å rekne. Det var mat for hai og fugl. Så kom nordmennene eller norskene som dei vert kalla i boka. Dei hadde store skuter, snurpenøter og tønner til å salte silda i. Dei nye store nøtene fanga silda på ope hav. Islendingane delt seg i to leirar. Desse «norskane», var dei grådige imperialistar som ville gjere seg rike på islands sild, eller representerte dei tvert om ei ny og strålane framtid for øybuarane?
Romanen er den første i ein trilogi. Eg trur vi får høyre meir om Gestur i dei to neste binda. Kanskje vert vi også tekne med på ein visitt innom dei fjonskjeggete og skautsvøpte presteenkene.
Seksti kilo solskinn- ekte lesarglede!
Sverre Bungum