Øygarden Innbyggartorg og bibliotek tek enno eit grønt grep! 🍀
Kan vi få dei handlenetta du aldri brukar? Kanskje det nettet du tok med heim frå ei messe, fekk som reklame, eller kjøpte, men som no berre ligg og samlar støv i ei skuff? Dei har vi bruk for!
Bærenett til bøker
Øygarden innbyggartorg og bibliotek
Øygarden Innbyggartorg og bibliotek tek imot handlenett du ikkje brukar lengre og heng dei på nettknaggen, slik at andre kan få bruka dei. Vi blir difor veldig glade om du har nokre til overs og vil sortera litt i handlenett-skuffa. Dei må vera reine og heile. Lever handlenetta til skranka.
Å bruka eit handlenett fleire gonger er eit godt val for miljøet. Og så sparer du jo dei kronene det kostar å kjøpa ei plastpose. 🙂
Sist endra 07.05.2026 13.15