Ivar Aasen og eit knippe nynorskbøker
Diverse
I høve dagen har biblioteket stilt ut gode bøker skrivne på nynorsk. Vi har og skrive nokre bokmeldingar om bøkene i utstillinga:
ANNO ASEN
av Athena Farrokhzad
I Anno asen, eselets år, skriv Athena Farrokhzad med utgangspunkt i eselet - "dyreverdas proletar". Ho tar oss med inn i eit moderne familiekvardagsliv, bakover i kulturhistoria og inn i mytologien.
Gjennom samlinga inviterer Farrokhzad oss til samtale og refleksjon over dei store temaa: livet, politikken og kulturen. Ho er alvorleg og sorgtung, lettlest og morosam på same tid.
Athena Farrokhzad er ein av dei beste samtidspoetane vi har, og Anno asen er ei fabelaktig diktasmling.
Boka er gjendikta til nynorsk av Ida Hove Solberg
KOM IKKJE INN I MITT HUS
av Arnfinn Kolerud
Ein fantastisk morsom bok lagt til Vassbygdi, ei lita trassig bygd som klamrar seg til nynorsken. Her har dei ikkje a og b-klassar på skulen, men a og i-klassar 😊Vassbygdingane klarer ikkje å einast om noko, ikkje eingong om bygda heiter Vassbygda eller Vassbygdi, om bilen er Toyota eller Toyoti. Ei vill handling som ikkje heilt lar seg referera. Her finn du artige karakterar som til dømes Bendik Uføre som sender søknadar i hytt og pine berre for å overtyde det offentlege at det er bruk for nynorske søknadskjema. Vil du le litt, eller mykje, er dette boka for deg!
Arnfinn Kolerud skriv både for ungdom og vaksne. Bøkene hans er prega av språkleg kreativitet og ordleik, med utgangspunkt i kvardagslivet men med rom for fantasirike innfall.
FUGLANE
av Tarjei Vesaas
I «Fuglane», utgjeven i 1957, møter vi Mattis og Hege, eit syskenpar som bur i lag i eit hus ved sjøen. Det er tankane til Mattis, også kalla Tusten, vi får tilgang til. Av dei to er det Hege som er den skarpe, rasjonelle og driftige og som får ting til å gå rundt i det vetle hushaldet. Mattis vil og gjerne gjere nytte for seg, men det er ikkje lett for ham. Han er ein romantikar, lever i si eiga fantasiverd, ein mann som kjenner seg i slekt med skogen og fuglane.
Han startar ei teneste som ferjemann, han vil ro personar over vatnet i bygda. Det er ikkje mange som etterspør denne tenesta, men ein dag vert han bede om å ro ein kar over, Jørgen, som ser etter arbeid. Jørgen får leiga rom hjå Hege og Mattis og det oppstår varme kjensle mellom systera og den nye skogsmannen. Mattis er det ikkje lenger like mykje plass til i systera sitt liv.
«Hege og Tusten, dette syskenparet, det er oss sjølve det», skriv poeten Olav H. Hauge i dagboka si: «For so forunderleg er han, Tusten, visst er han ikkje som oss andre, men likevel mykje lik oss andre, svært mykje lik ein liten tust inni oss; for kven hev ikkje ein tust inni seg?»
VI ER BRØDRENE EIKEMO
av Marit Eikemo
I "Vi er brødrene Eikemo" tar forfattar Marit Eikemo oss med inn i barndomsheimen i Berjaflotvegen 9 i Odda, eit hus bygd i etterkrigstidas ånd: husrom til flest mogleg folk. Ho fortel om far Per og dei fire yngre brørne hans Martin, Reidar, Kåre og Einar. Vi får historier om det eigenstifta idrettslaget I.L. Korlevoll, om onkel Martin som bygger eigen båt heime i hagen, om at fem brør fint kan springa London maraton på 14.41.04, og om ansvaret ein fjorten år gamal Per får i fanget då far deira døyr i ei arbeidsulykke på Smelteverket.
Romanen er historia til brørne (og familien) Eikemo, men det er og historia om Odda, vestlandet og Noreg frå etterkrigstida fram til våre dagar. Det er ei historie om samhold, om kva det norske samfunnet har vore - og kanskje om kva vi har mista på vegen.
OSKAR OG EG-BØKENE
av Maria Parr
I bøkene om dette syskenparet møter vi Ida som fortel om livet i lag med vetlebroren OsKar. Det handlar om å vekse til og sjå livet i eit anna lys enn ein gjorde før, nydeleg visualisert av illustrasjonane til Åshild Irgens.
Parr klarar å fortrylla heilt daglegdagse hendingar frå barndommen like sterkt som Astrid Lindgren ein gong gjorde, og har med desse bøkene posisjonert seg som ein av dei beste barnebokforfattarane vi har i dag. Ho gjer det på eit nynorsk som er med å gjere bøkene til ei gledE å lesa høgt.
«Alle skulle hatt en Parr-bok i barndommen sin», som ein av anmeldarane skriv om bøkene hennar.
Vi biblioteket anbefaler «Oskar og eg»-bøkene varmt, men og dei tidlegare barnebøkene til Parr.
PØLSETJUVEN
av Marianne Gretteberg Engedal
Pølsetjuven er ein original biletbokfortelling om et kjent tema i barnebøker, å finna seg sjølv.
Kjell har eit problem: Han er medlem av «Familien Tjuv» – men vil absolutt ikkje vera tjuv. Når bestevenen Pølse-Per drar på ferie, ser familien til Kjell sitt snitt til å stjele så mykje de klarar frå huset til familien til Pølse-Per. Då er det ikke lett å vera Kjell. Pølsetjuven handlar om å våga å stilla spørsmål ved det ein er fødd inn i og dei krav familien set til deg. Det handler om å tørra å vera annleis, om å klare å stå imot press, og om sjølv å kjenne etter kva som er det riktige å gjera.
Ein fargefest av illustrasjonar i ein slags collageform med naivistisk, absurd og humoristiske strek, pregar boka. Dei er både i teikneserieformat og som heilsides illustrasjonar og gjer bøkene spennande både for store og små.
Den Nasjonale scene i Bergen sette i 2020 opp ei teaterframsyning basert på boka. Teateranmeldar i BT, Renate Rivedal, kalla framsyninga morosam og hjartevarm, og eit stilistisk, minimalistisk og sjarmerande teaterstykke.
Fortellinga om Kjell og tjuvefamilien held fram i Polititjuven og Verdas rikaste tjuv.
Marianne Gretteberg Engedal (og kjend som Skinkeape) er illustratør, barnebokforfattar og kokk frå Haugastøl. Ho har også illustrert andre forfattarar sine bøker, mellom andre Hans Sande, Bjørn Rørvik og Maria Kjos Fonn.