Nettbiblioteket for alleHar du høyrt om Nettbiblioteket? Nasjonalbiblioteket har laga ein enkel inngang som viser eit utval av kva du kan bruke Nettbiblioteket deira til, og korleis du kan byrje å utforske på eiga hand.NettbiblioteketNettbiblioteket rommar enorme mengder innhald, men mange opplever det som krevjande å finne fram. Terskelen kan kjennast høg, og kanskje særleg dersom du skal anbefale databasen til andre.Difor har publikumsrettleiinga no laga Kom i gang med Nettbiblioteket – ein enkel inngang som viser eit utval av kva du kan bruke Nettbiblioteket til, og korleis du kan byrje å utforske på eiga hand.Interessert i oppskrifter og inspirasjon til handarbeid? Likar å drøyme deg bort i gamle postkort og nostalgi? Finne deg sjølv eller andre i gamle aviser?Målet med desse sidene er å gjere det lettare å orientere seg, senke terskelen for å prøve, og gi tryggleik til å gå vidare. Det er sjølvsagt heilt gratis.Kom i gang med Nettbiblioteket | Nasjonalbiblioteket Sist endra 23.02.2026 13.32