Drop-in-kurs: Korleis støtte engstelege barn og unge?

Kommunepsykologane inviterer til kurs der vi ser på korleis vi kan forstå følelsen frykt og gjennomgår prinsipp frå behandling. Kurset er aktuelt for føresette og tilsette i kommunen som arbeider med barn.

Ill. Gutt og jente - Klikk for stort bilete

Dato | Tid | Stad

Måndag 2. juni | Kl. 14.00 - 15.30 | Innbyggartorg og bibliotek Sartor Storsenter

Om kurset

Det er vanleg at barn og unge opplever engstelse i ulike situasjonar og i periodar. Ofte er dette naturleg utviklingsangst, som varer i ein periode før den slepp taket. Nokre barn treng ekstra støtte frå dei vaksne rundt seg for å handtere engstelse.

Pris

Kurset er gratis.

Påmelding

Det er ingen påmelding til kurset.

Velkommen!