Bibliotekbesøk frå Tsjekkia

Tysdag 2. juni hadde vi på innbyggartorg og bibliotek besøk av to bibliotekarar frå Tsjekkia

Som del av eit Erasmus+ mobilitetsprosjekt  tok vi imot Katerina Blahova, leiar for metadataavdelinga og Irena Judova, leiar for utlånsavdelinga i det regionale biblioteket i Pardubice. Pardubice er den største byen og administrasjonssenter for regionen Pardubice i Tsjekkia ved elva Elben, rundt 10 mil aust for Praha. Byen Pardubice har rundt 100 000 innbyggjarar. Vi utveksla erfaringar rundt praksis, arrangement, aktivitetar, organisering, lovverk og mykje meir. De fekk med seg ein generell orientering om bibliotek og innbyggartorg i Øygarden, litt om arrangement og aktivitetar, og ei omvising i lokalet med særleg vekt på tilbodet til barn. Ein arbeidslunsj fekk vi også tid til. Eit kjekt besøk med mykje diskusjon om likskapar og ulikskapar mellom bibliotekkvardagen i Norge og Tsjekkia. Takk for besøket!

OmvisingAlle 5