Portrett av Astrid Rustad
Farshid Amini
Siste fredagen i mai hadde vi ei fin markering med kaffi, kake og blomar for vår kjære kollega Astrid, som no gjer seg i kommunen og vert pensjonist. Det vanka mange lovord frå kollegaer i biblioteket og andre avdelingar ho har vore knytt til i kommunen.
Astrid starta si karriere i det offentlege i 1981, då ho byrja i plan- og utbyggingsavdelinga i fylkeskommunen. Seinare vart ho ein del av økonomiavdelinga der.
I den gamle Øygarden kommune starta ho i 2002. Først jobba ho i sosialtenesta, og sidan 2011 har ho jobba 50 % i Nav og 50 % med innbyggjarservice. Då nye Øygarden vart ein realitet, jobba ho med innbyggjarservice og bibliotek, og har vore ein nøkkelperson for at Rong har hatt det bibliotektilbodet dei har der.
«Eg har alltid vore ein forkjempar for å hjelpa menneske med å orientera seg i det offentlege landskapet», seier ho sjølv om sine år i det offentlege si teneste. Ho meiner òg at dei som treng det, må få snakka med eit menneske fysisk – ha eit menneske å snakka med når dei treng kommunen.
Med si lange erfaring frå ulike avdelingar har ho vorte som ein institusjon i seg sjølv, vert det sagt, og ho vert ikkje lett å erstatta.
Sjølv uttrykte ho at ho er takksam for mange fine år, for å få jobba med mange flotte folk og for alt ho har fått læra. «Eg må ikkje vita alt, eg må berre vita kvar eg finn svaret, og kven som kan svara.»
Vi ynskjer Astrid lukke til med neste kapittel i livet. Vi ser ho nok att i biblioteket – men no som ein vanleg lånar. Bøkene og dei gode leseopplevingane tek ho med seg vidare.