Fakta
Forretningsområde: Beredskap mot akutt forureining, ytre miljø, kurs, øvingar og rådgjeving
Lokasjon: Straume Teknologisenter
Tal tilsette: 7 fulltid og 2 deltid
Nettside: www.novumare.no
– Vi jobbar med miljøspørsmål og berekraft innan maritime bransjar. Det er sentrale begrep i vår verksemd, som skal munne ut i konkrete tenester, seier Odd Gunnar Jørgensen.
Saman med medgründerne Rune Holmen og Håkon Mikael Ones hadde han den første arbeidsdagen sin i NovuMare i september 2017. Dei tre gjekk frå faste jobbar og satsa på havet. Sidan har dei ulike utdanningane til gründerane som har kompetanse innan navigasjon, aquakultur og teknikk gitt selskapet ei stor breidde i oppdrag. Frå aksjonar mot akutt forureining i inn- og utland til rydding av marin forsøpling langs norskekysten.
Namnet NovuMare, som betyr nytt hav, fortel om både konsept og marknad. Dei skal gjere havet friskare. NovuMare jobbar med rådgjeving og kompetanseheving gjennom kurs og øvingar. Dei er òg operative i vern av ytre miljø og naturressursar. Det handlar om å verne fauna og flora frå uheldig konsekvensar.
Katastrofar forandrar bransjen
NovuMare er innsatsleiarar og instruktørar for NOFO - Norsk Oljevernforening for operatørselskap, som er ansvarleg for oljevern på vegne av operatørar på norsk sokkel. Dei er, som einaste norske selskap, akkreditert frå Nautical Institute, noko som gjer at kompetansebevisa ein får etter å bestått kurs hos dei er gjeldande over heile verda.
– Det er ein stor styrke, og ei nødvendigheit for avtalar med mellom anna Equinor, seier Jørgensen.
Det høge fokuset på trygging og beredskap i oljebransjen har ikkje komme av seg sjølv. Tilsette i NovuMare har deltatt i mange aksjonar mot akutt forureining både i inn- og utland, som til dømes DeepWater-Horizon-utblåsningen i Mexicogolfen i 2010. Miljøkatastrofa forandra oljeverda.
– Slike store katastrofer snur opp ned på oppfatninga av risikobilde. Det har ført til eit nytt fokus i Noreg, der ein ikkje lengre berre ser og øver på sannsynleg utfall, men også på verst tenkeleg utfall.
Norske myndigheiter jobbar òg med å avgrense risiko i andre delar av verda. Gjennom Kystverket har NovuMare oppdrag for FN i Øst-Afrika. Her bidrar dei med kompetanse til land som er i ein tidleg fase med å implementere beredskap for ulykker relatert til olje- og gassutslepp.
– Vi trenar både dei som sit i stab og tar avgjersler, og dei som er i felt og handterer utstyr. Det er viktig at alle nivå veit kva dei skal gjere for å handtere akutt forureining, seier Jørgensen og legg til:
– Det er jo ganske kult at ei lita bedrift frå Vestlandet blir leigd inn av FN.
NovuMare deltok òg i oppryddinga av ei betydeleg forureiningshending i Øst-Sibir i 2020, der 20 000 tonn diesel lak ut i tundraen.
Men det er ikkje berre i oljebransjen NovuMare gjer seg gjeldande. I prosjektgruppa K5 for ny veg mellom Bergen og Voss, er dei involverte i å løyse utfordringa med kvar ein skal gjere av massane frå tunnelane som blir sprengde ut. Kompetansen på beskyttelse av ytre miljø med siltgardiner og miljølogging, som dei har levert til mellom anna Skanska og Northern Lights-utbygginga, vil vere interessant for andre entreprenørar som skal handtere tøffe miljøkrav frå krevjande byggherrar og myndigheiter.
Plastkvalen og korona vart til nye moglegheiter
Evnen til å sjå nye marknadar og tenke nytt er ein styrke hos den lille bedrifta. For som hos mange andre snudde 12. mars mykje på hovudet for NovuMare. Etterspørselen etter kursporteføljen forsvann, og dei vart trigga til å tenke nytt. Moglegheitene låg i ei anna utfordring. Nemleg plast.
Plastkvalen som stranda på Sotra i 2017 vart starten på den auka merksemda på plastforureining i havet. Handelens Miljøfond har i etterkant løyvd store summar til opprydding langs den ytre del av norskekysten. NovuMare har vunne tilbodskonkurransar og har blitt tildelt rydding i delar av Vestland, Troms og Finnmark, Rogaland og Agder.
– Vi har logga tusenvis av arbeidstimar mellom Austreim og Stadlandet. Ryddinga av kystlinja på 850 kilometer har resultert i 70 tonn rydda søppel. Det var eit rimeleg heftig oppdrag for ein liten organisasjon. Det var mange folk og båtar i sving, og tungt fysisk arbeid. Snart er det ryddesesong igjen, og vi startar opp parallelt i Finnmark, Rogaland samt Agder.
Dei ser at behovet er stort for denne typen tenester.
– Merksemda har vorte veldig stor, og eg trur ikkje ballen blir stoppa, seier Jørgensen.
Nylig har dei kjøpt ein arbeidsbåt, MS Novumare, som vil gå inn i dette arbeidet. Båten er også tilgjengeleg for andre oppdrag, og er en del av selskapets satsing på maritime miljøtenester.
Ser framtida i dagens marknadar
Marin forsøpling har ein stor marknad utanfor Noreg, og erfaringane dei får her heime trur dei er overførbare til andre delar av verda. Dei ser allereie ei interesse for det.
Olje, gass og energi har også eit enormt potensiale, og satsinga på havvind vil krevje ei tilnærming til førebygging, risikoreduksjon og risikostyring. Det same gjeld entreprenørbransjen. NovuMare trur difor at framtida ligg i marknadene dei er i i dag.
– Sidan 2017 har NovuMare gått frå tre til sju tilsette, i tillegg til to deltidstilsette i beredskapsoppdrag. Og vi er på jakt etter fleire.
– Kva vil de trenge hjelp til?
– Vi jobbar med å tydeleggjere retninga vår framover, og det vil vi trenge hjelp til. Vi får veldig god støtte frå Rikard Toft Ledang i Vest Næringsråd og Anita Mannes i Øygarden næringsutvikling. Dei er på tilbodssida og ønsker at vi skal lykkast. Der er veldig kjekt å oppleve. Vi treng kompetansen dei bring til bordet, seier Jørgensen.