Hydraulic Production & Services AS

Morgondagens H2- og CO2-kompetanse finn du på CCB-basen på Ågotnes. Her blir vekstselskapet Hydraulic Production & Services drive som ei milliardbedrift, med stort fokus på HMS- og kvalitetssikring i alle ledd. No tar dei kvantesprang inn i ei grønare framtid.

Hydraulic Production & Services AS på CCB, Ågotnes - Klikk for stort bilete

Fakta

Forretningsområde: Spesialistar innan hydraulikk, pneumatikk, og rørlegging på båtar, riggar og oppdrettsanlegg
Lokasjon: CCB-basen, Ågotnes
Tal tilsette: 15 fast tilsette, i tillegg faste innleidde som blir nytta ved høg aktivitet. Vi planlegg i desse dagane å tilsetje 1-2 nye medarbeidarar.
Nettside: www.hydpro.no

Det er dei gode hydrauliske løysingane som står i fokus hos kompetansebedrifta på CCB-basen på Ågotnes.

Med store oppdrag globalt, både on- og offshore, har den fire år gamle hydraulikkbedrifta opparbeidd seg ein solid kundebase og langt fleire tilsette enn for berre to år sidan. At bedrifta er i vekst er det ingen tvil om, allereie seks månadar inn i det første leveåret sitt hadde dei ISO-sertifisering i eine handa og stiftelsespapir i den andre.

– Det gjekk fort. Men frå dag ein har vi hatt fokus og følgt ein tydeleg strategi. Vi visste kor vi ønskte å vere i 2022, og vi spurde oss sjølv om kven vi ønskte å ha som kundane våre, og kva område vi skulle fokusere på. Vi bestemte oss òg for at maks 50 prosent av omsetninga skulle komme frå olje og gass, forklarer administrerande direktør i Hydpro, Steinar Landro.

Sistnemnde satsing har ført dei inn i andre marknader, som fiskebåtar, kraftanlegg og vedlikehald av kraner rundt om i verda. Etter kvart kom fokuset på CO2 og Hydrogen, som i dag er store bærebjelker i bedrifta.

– Vi skal vere ein leiande leverandør innan Hydrogen og tilhøyrande system i heile Noreg.

Hydraulic Production & Services AS på CCB, Ågotnes - Klikk for stort bilete

– Kva kompetanse hadde personellet?

Dei tre eigarane til Hydpro er dei same som starta bedrifta for fire år sidan.

–  Å vere ei solid bedrift der dei tilsette føler seg trygge er viktig, spesielt i desse bransjane, seier Landro og legg til:

– Men vi har òg vore ambisiøse. Vi har operert som ei bedrift som leverer fleire hundre millioner i omsetning. Spesielt når det gjeld strategi, rapportering og måten å måle oss sjølv på.

For å lykkast må ein ha ha eit godt lag. Riktig kompetanse og medarbeidarar som er svoltne på å utvikle seg, er viktig, ifølgje Landro.

–  Erfaringa mi frå tidlegare er at viss det skjer ei ulykke er “kva kompetanse hadde personellet?”, det første ein spør om.

Med denne vissa søkte dei støtte frå Fylkeskommunen og fekk innvilga midlar til å bygge eit kompetanseprogram som dekker virkeområda til både Hydpro og den nære samarbeidspartnaren deira CCB Energy. Saman med dåverande Høgskolen i Bergen utvikla dei eit program som skal sikre at alle jobbar, uavhengig av storleik, blir utført på best mogleg måte, både når det gjeld HMS og kvalitet.

– Vi skal som sagt vere ein leiande leverandør innan hydrogen og tilhøyrande system i heile Noreg. Derfor har vi kursa alle medarbeidarar i hydrotek på kveldstid på høgskulen. Dei sa vi var dei første som nokon gong hadde spurt dei korleis dette skulle gjerast. I etterkant har vi fått laga dette kompetanseprogrammet på hydrogen og CO2, forklarer Landro og utdjupar:

– Infrastrukturen som skal byggast rundt hydrogen er ikkje heilt på plass enno. Det er veldig fokus på å bygge ut hydrogen, men mindre fokus på korleis infrastrukturen skal vere bygd ut i etterkant, når produksjonen er på plass. Derfor ønsker vi å bygge kompetanse og utvikle oss via kursing, også hos dei europeiske leverandørene våre. Dei er komne mykje lengre på leveransebiten på enkelte ting, slår han fast.

Stolte av jobben

Landro meiner at dersom du ikkje utviklar dine tilsette, så mistar du dei.

– Derfor set vi av ein god del ressursar i året til å utvikle personalet. Det er nemleg svært viktig for oss at både tilsette og kundar er fornøgde. Eg vil at dei tilsette skal vere stolte av å seie at dei jobbar for Hydpro.

Alle dei tilsette har fagbrev; ikkje berre eitt, men to. I tillegg har dei ein lærling som nesten er for god til å vere sann.

–  Jo, vi har både lærlingar og samarbeid med Live2Learn. Likevel er det ingen som trur på at lærlingen vi har per dags dato er lærling, for så dyktig er han, skryter Landro.

Sjølv har han mellom anna erfaring som leiar i Aker Solutions og TechnipFMC, og var med i lærenemnda for havbunnsinstallasjon.

– Eg var sjølv med på å lage det fagbrevet ein gang i tida. Så det har alltid vore viktig for meg å vere med å utvikle kompetanse.

Slik får dei stjerne i boka

Hydpro er stolt leverandør av alt frå design og produksjon til service, trykktesting og vedlikehald. Alle jobbane blir leverte med tilhøyrande dokumentasjon. Utan unntak.

– I tillegg måler vi oss sjølve kvar einaste månad med operasjonsrapportar som går på kvalitet, kompetanse, resultat og HMS. Kundane likar veldig godt at vi kan vise til at vi gjer det vi seier vi skal gjere, og at vi òg kan dokumentere det. Då får ein stjerne i boka hos kundane, understrekar han.

–  Kva vil de trenge hjelp til?

– Området vi bur i er eit av dei mest spennande områda med omsyn til teknologiutvikling og grøne løysingar framover. Det er veldig mange flotte firma i regionen vår, som samla sett kan bli ei drivkraft for å utvikle teknologiprosjekt. Øygarden Næringsutvikling hjelper oss med å samlast.