Fjell Technology Group

Fjell satsar stort på teknologi og utstyr til tørking av ulike typar slam og resirkulering av protein. No er det meir enn 10 år sidan dei takka nei til olje- og gassmarknaden. 

Fjell Technology Group - Klikk for stort bilete

Fakta

Lokasjon: Sotra og Bergen
Forretningsområde: Resirkulering av protein, produksjon av fiskemjøl og olje, gjenbruk av fiskeslam og kommunalt slam.
Tal tilsette: 10
Nettside: www.fjelltg.com

For vekstbedrifta Fjell Technology Group frå Sotra, har det alltid vore viktig med gjenbruk og å vere raske med å ta i bruk morgondagens løysingar. Historia strekker seg 100 år tilbake i tid.

– Fjell oppstod som følgje av produksjon av utstyr til fiskemjølfabrikkar og slamtørkeanlegg, men også til oljeplattformene. Dette er gammal teknologi vi har brukt i over 40 år, men som til stadighet blir fornya, seier  Halvard Madsen, ein av eigarane.

–  Vi kom først, orda etterpå

Å legge til rette for gjenbruk og bidra til sirkulær økonomi er ein viktig del av DNA-et til bedrifta:

– Det er ikkje slik at vi har oppstått som følgje av sirkulær økonomi. Vi har alltid vore der, og så har orda for det vi gjer komme etterpå.

Madsen siktar til det nokon vil kalle buzzord, med dagens fokus på det grøne skiftet, berekraft og green tech.

– I dag er vi meir synlege fordi etterspørselen er større, men vi er framleis avhengige av statlege reguleringar for å ha arbeid på det som går på handtering av fiskeslam. Viss folk får sleppe slam i fjorden, så gjer ein gjerne det fordi det er gratis. Då treng dei ikkje oss, slår han fast.

Stansa tilbod til olje- og gassmarknaden

For ti år sidan tok bedrifta eit aktivt val om å legge ned produksjonen i Noreg, samtidig som ein stoppa å tilby til olje- og gassmarknaden. Green tech vart det nye satsningsområdet og betydelege ressursar vart lagt ned i forsking på teknologien bak Co2-fangst. Dei flinkaste ingeniørane deira vart engasjerte då Stoltenberg lanserte månelandinga. Teknologien som er utvikla av mellom anna Fjell, er tenkt å takast i bruk på ei oljeplattform eller eit kolkraftverk for å fange Co2. Etter det kjem selskap som Northern Lights og tar med seg Co2en slik at den kan injiserast i Nordsjøen.

– Det heile er eit kretsløp der vi, med teknologien vår, er ein del av inngangen. Den eine teknologien vi har utvikla er allereie seld og blir industrialisert i dag, medan den andre jobbar vi nok med i ein del år til før den er moden, seier Madsen.

Samtidig med den strategiske endringa om å fokusere på Greentech, vart det i tillegg eit større fokus på å tilby løysingar for handtering av slam frå fiskeoppdrettarane sine smoltanlegg på land og fiskemjøl.

– Det er her vi ha hatt den største veksten vår dei siste åra, bekreftar Madsen.

Testar internasjonalt

Etter alt arbeidet med utvikling av prosessering av fiskeslam, har Fjell bygd opp løysingar for dei fleste typar landbaserte smoltanlegg. Samtidig er det eit stadig utviklingsfokus i bedrifta og dei testar stadig om det finnast nye marknadsområde for bedrifta  I dei siste åra har dei skaffa seg verdifull erfaring på handtering av gluten, og dessutan tang og tare, og bedrifta ser vidare på korleis dei kan bidra endå meir inn i marine næringar.

– Vi er jamleg med på forsking saman med universitetsmiljø. Der samarbeider vi med kunnskap om korleis tang og tare kan brukast som fôr til dyr. Kva er effekten av å blande inn tørka tang og tare i fôret? Vi gjer òg forsøk på korleis vi kan nytte tørka slam til drivstoff - kanskje vi får til å lage biofuel i løpet av nokre år? Ingen har knekt koden enno, innrømmer Madsen og legg til:

– Vi skulle gjerne brukt all vår ledige tid på å finne ut av det.

Thormøhlensgate - Klikk for stort bilete