Piano

Piano er eitt av dei instrumenta som verkeleg mange har eit forhold til og som mange ønsker undervisning i.

Det er relativt lang venteliste på dette instrumentet. Det kan difor væra lurt å vurdera om du vil søka på eit anna instrument.

Undervisning

  • Som elev på piano vil du læra noter, men óg besifringsspel (akkordlære).
  • Gehørspel og improvisasjon.
  • Og sjølvsagt grunnleggande teknikk og teori.
  • Vi ønsker å finna det som stimulerer elevane våre, anten dei lærer Beethoven eller Kygo.
  • Det er viktig at du som elev har eit piano å øva på heime.

Undervisningsstader

Vi har pianoundervisning på:

  • Liljevatnet
  • Rong
  • Ågotnes
  • Stranda skule
  • Skogsvåg

Dette instrumentet kan du spela i kulturskulen frå det året du fyller 8 år.

Søk om plass

Piano - Klikk for stort bilete