Drømmestipendet. 3 søkjarar frå Øygarden

Øygarden kommune har 3 gode søkjarar til å motta Drømmestipendet for 2024:

Om søkjarane:

Alle 3 kandidatane har vakse opp i dagens Øygarden og fått sitt kunstnarlege fundament i kommunen.

1.februar 2024 får vi svar på om nokre eller alle av våre søkarar vert tildelt Drømmestipendet for 2024.

Søkjarar:

Stina Talling, song/komponist/musikkproduksjon (foto: Alvin Santos)

Elise Kolltveit Brekke, song (foto: Maria Bill)

Ingebjørg Kaalaas, trompet (foto: Linda Kaalaaas).

Om Drømmestipendet:

Drømmestipendet er eit samarbeid mellom Norsk Tipping og Norsk kulturskoleråd. Stipendordninga vart etablert i 2004, og sidan den gong har ei lang rekke unge kunst- og kulturutøvarar motteke stipendet.

Stipendet skal gi verdifull inspirasjon og verdsetjing, og bidra til at unge kunst- og kulturutøvarar mellom 18 og 25 år får oppfylt draumane sine. Ordninga skal også bidra til å synleggjera kommunane sitt arbeid for unge kunst- og kulturutøvarar. Vi deler ut 50 stipend à 30 000 kr, til saman 1.5 millionar kr.

Drømmestipendet vert delt ut innan kategoriane dans, musikk, sirkus, skapande skriving, teater, visuell kunst og open klasse. For å kunna søka Drømmestipendet 2024, må du væra født tidlegast 1. januar 1998 og seinast 31. desember 2005. Dette gjeld óg alle medsøkarar i ein gruppesøknad.

Les meir om Drømmestipendet her:

https://drommestipendet.no/