Nytt: Kortkurs innan Visuell kunstfag for vaksne (frå 18 år og oppover)

Om tilbudet

Dette er eit gruppetilbod for nybegynnere innen visuell kunst hvor teikning og maling står sentralt, men keramikk vil det også jobbes med om deltakerne ønsker å prøve. Vi treng minst 2 påmelde for å gjennomføra dette kurset. Maks antall deltakarar er 8.

Stemninga og det sosiale i atelieret er viktig, her skal alle føla seg trygge og velkomne til å kasta seg ut i kunstnarlege prosessar, tôra å «gjera ting vi ikkje kan». 

Ingen forkunnskapar er nødvendige, men ein bør lika å skapa. Prosessen; gleda og lærdommen i det å utforska og reflektera er viktigare enn eit ferdig resultat!

Du må vera 18 år eller eldre. 

Lokalet er tilrettelagt for funksjonshemma: Heis, breie dører med låge dørkarmar. Dei fleste bord og benkar på Atelieret er lett flyttbare. Det er parkeringsplass rett utanfor bygget. 

Tid og stad

Tid: Torsdagar kl. 12.00-13.30

Stad: Atelieret 2 et., Liljevatnet (Arefjordvegen 290), Knarrvika

Pris: kr. 1 250,- (faktura vert tilsendt).

Det vert undervisning desse datoane::

  • September: 22.09. og 29.09.
  • Oktober: 06.10., 20.10. og 27.10.
  • November: 03.11., 10.11., 17.11. og 24.11
  • Desember: 01.12. og 08.12.

 Kurshaldar er Sølvi Dahle.

Transportbehov

For funksjonshemma vert det tilrettelagt for transport:

Dersom du har transportbehov må du spesifisera dette i kommentarfeltet:

Kva av datoane du treng transport (sjå datoar over).

Om transportbehovet gjeld:

  • Begge vegar (tur/retur), eller
  • Ein veg, og i så fall:
  • Tur.
  • Retur.

For å melda seg på, gå til denne lenka:

Påmelding - Øygarden kulturskule (speedadmin.dk)

Eller gå til heimesida, velg "søk her", og velg så "kortkurs: visuelle kunstfag for vaksne"