Kurs med Daniel Grindeland i kulturskulen sitt lokale på Liljevatnet

Glede og meistring står sentralt på kurs hos Daniel.

I løpet av kurset skal elevane lære mange nye dansesteg, kule moves og å lage sine eigne dansekoreografiar. 

Bli med ein av Noregs beste dansarar og sett verda på hovudet kvar torsdag! 


Når: Torsdagar i veke 5 - 11 (Fri i haustferien veke 9)

Mellomtrinnet: Kl 17:00 - 18:00 

Ungdomstrinnet: Kl 18:15 - 19:15

Stad: Liljevatnet, rom 225 Allegretto

Påmelding: post@danielgrindeland.no

Øygarden kommune har fått tilskotsmidlar frå Bufdir som finansierer dette tilbodet.

Om Daniel:

Daniel starta med breaking i 2005, jobbar i dag som frilansar og er medlem av Absence dansekompani.

Det beste han veit med breaking er dei akrobatiske momenta og å kunne lage sin helt eigne stil.  

Han har vunne fleire konkurransar og prisar for sitt engasjement som dansar både kommersielt og kunstnarisk. Han har fleire gangar vore Norgesmestar, vunne Raw Circles Europe, held ein 15. Plass i VM, er blitt nominert til årets dansar av Norges Danseforbund i 2018 og 2019, har ein 2. Plass i Norske Talentar 2014 og vann Mitt Dansecrew på TV2 sammen med Absence og Fingern.

Han satsar no for fullt mot gull i den nye OL-greina breaking i 2024.