Korinkludering

Øygarden kulturskulekor fekk i fjor pengar frå regjeringa/Abid Raja for å reise ut til skular for å få barn til å være med å synge i kor. Endelig fekk vi starta for 2 veker sidan! 

Vi har 2 grupper med barn på Knappskog skule, den eine gruppa er innføringsklassen. Ved hjelp av song, dans og spel har vi blitt litt kjente med nye barn. På biletet ser vi nokre av dei eldste barna på 7. trinn som syng "Cup song". Det er Ingvill Espedal og Åshild Eriksen som er instruktørar .

I tillegg har vi eit liknande prosjekt på SFO og 6. trinn på Foldnes skule som heiter Kulturkarusell. Kjekt med samarbeid!