Velkommen til nytt kulturskuleår.

Informasjonsmøte 13. august kl 19.00 og undervisningsstart frå og med mandag 17. august.

Inngangspartiet til Øygarden kulturskule. - Klikk for stort bileteInngangspartiet til Øygarden kulturskule. Kjartan Fjordheim

Invitasjon til informasjonsmøte for føresette

Kjære føresette,

Velkomen til informasjonsmøte i Øygarden kulturskule.

På møtet vil vi informera om aktivitetane i kulturskulen og arbeidet vårt framover. Vi ønskjer òg å drøfta korleis føresette kan vera med og påverka utviklinga av kulturskulen.

Eit viktig tema på møtet blir etablering av eit FAU (Foreldrerådets arbeidsutval) for kulturskulen. Vi ønskjer å samla engasjerte føresette som vil vera med på å styrkja samarbeidet mellom heim og kulturskule til beste for elevane.

 

Agenda:

  1. Status Øygarden kulturskule
  2. Frå Speedadmin til Studyalong 2027
  3. Kulturskulens eige FAU

 

Tid: Torsdag 13. august, kl. 19.00

Sted: Liljevatnet, Arefjordvegen 290

Påmelding her