Undervisningstider og opningstider administrasjon.

No er det straks sommarferie.

Siste undervisningsdag før sommaren er torsdag 19. juni, dersom du ikkje har motteke anna melding frå lærar eller administrasjonen.

Utsikt mot Algrøy - Klikk for stort bileteUtsikt mot Algrøy Kjartan Fjordheim

Første undervisningsdag etter sommarferien er torsdag 14. august. Dette betyr at dersom du har undervisning på torsdagar, skal du møta denne dagen, dersom du ikkje mottek anna melding frå lærar eller administrasjonen.

Andre møter første tilgjengelege undervisningsdag etter 14. august, om dei ikkje får andre meldingar.

Administrasjonen er tilstades til og med 27. juni og frå og med 4. august.

Stengt 28. juni - 3. august.

Vi vil takka alle for følget dette skuleåret, og ønsker dykk velkommen tilbake til oppstart frå og med 14. august :-)