OPen sceneØygarden kulturskule og Straume bibliotek vil invitere alle kreative barn og unge i Øygarden kommune til å kome og henge med oss på biblioteket på Sartor fredag 14. februar kl 16-18.
Scenen står klar med lyd, lys, instrumenter til band (gjerne ta med eigne også!), program til å spele av musikk, projektor, og me har eit stort golv til å bevege seg på om nokon vil danse eller spele teater! Me serverer snacks, brus og saft. Om det vil kome nok deltakarar (minst 5 stk.), serverer me kanskje også pizza…
VÆR SÅ GOD, SCENEN ER DIN!
Ta kontakt med ansvarleg om det er spørsmål:
Camilla Kolbeinsen
Musikkterapeut
Øygarden kulturskule
camilla.kolbeinsen@oygarden.kommune.no