No kan du søka om Drømmestipendet for 2026

Ungdom i alderen 18-25 kan no søka om Drømmestipendet for 2026. 

Søknadsfrist er 18. november 2025 kl 1200.

Profilbilde og logo for Drømmestipendet - Klikk for stort bilete

Er du fødd mellom 1. januar 2000 og 31. desember 2007, kan du no søka om Drømmestipendet.

Dette stipendet vert kvart år delt ut til ungdom som utøver innan sjangrane dans, musikk, skapande skriving, sirkus, teater, visuell kunst og open klasse (dersom ditt uttrykk ikkje naturleg fell innan ein av dei andre sjangrane).

Du søker til den kommunen du budde i fram til fylte 16 år.

Gå inn på Drømmestipendet si heimeside for meir info og for å søka.

Hugs søknadsfrist: 18. november kl 1200